Staal får skryt !

Som kjent er Staal Jørpeland blitt ein attraktiv klubb for ambisiøse fotballjenter og -gutar i Ytre Ryfylke. Som døme nemner vi at i år har fem jenter frå Hjelmeland meldt overgang til Staals damelag, Då dei begynte på Strand vg. skole, fekk dei nye venner som lokka dei til treningane på Jørpeland, og dei ønskte også nye fotball-utfordringar. I lokalavisa BYGDAPOSTEN skryt desse jentene svært av både trenar Tony Knapp, treningsopplegget og klubbmiljøet !

Alle fem trekkjer fram trivselen som det beste i klubben. Til lokalavisa uttaler dei bl. a. følgjande : ²Det er eit veldig godt miljø i laget, og det gode humøret er aldri langt unna².

Staal Jørpeland set sjølvsagt stor pris på å ha slike positive ungdommar i klubben.

peptalk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *