Staal markerte seg i Sauda

Aftenbladet skriv om Arena Ryfylke i Sauda, der Helge Malmberg representerte Staal:

Idrett og museum skal binda Ryfylke saman

Idrettslaget Staal Jørpeland tek mål av seg til å bli eit felles idrettslag for heile Ryfylke, og vurderer å byta namn til Staal Ryfylke.

Leiar i pr-gruppa til Staal, Helge Malmberg, ønsker at idrettslaget skal bli eit fyrtårn som løfter Ryfylke opp og fram. Han ser for seg ei framtid kor Staal kan serva alle klubbane i regionen med til dømes trenaropplæring, mot at Ryfylke- bygdenes fotballtalent kjem til Strand når dei er gamle nok til det.

– Me ønsker å fanga opp fotballtalenta, slik at dei ikkje hamnar på Ålgård eller Bryne, når dei flyttar frå heimbygda.

Fotballmakt

Malmberg ønsker med satsinga å gjera Ryfylke og Staal til ei fotballmakt det står respekt av. Fasilitetane er iallefall i orden. Staal Jørpeland kan sitera Vikting-toppar på at dei har Rogalands beste fotball-fasilitetar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.